Rannveig Helen Lægreid
meir 
 
     
  i Berlin november 2013  
     
  Ranveig Helen Lægreid er frå Eidfjord i Hardanger. Frå Griegakademiet i Bergen har ho ei bachelorgrad i song. I desember 2012 hadde ho mastereksamen i song ved Det Kongelige
Danske Musikkonservatorium i København med operasolist Anne Margrethe Dahl som
songlærar. Ho har bidrege på fleire CD-innspelingar. Sist i ei Grieg-utgjeving med pianisten Torgeir Kinne Solsvik der ho tolkar Griegs Haugtussa. Ranveig Helen Lægreid har sunge konsertar i Norge, Finland, England, Danmark og Tyskland. Ho har vore mykje brukt som solist av ulike kor og ho har arrangert fleire turnear og konsertar med ulike musikarar. I tillegg til å vera ein aktiv solist, syng ho i profesjonelle kor som Gächinger Kantorei, Mogens Dahl Kammerkor og KorVest. Dei siste åra har ho byrja setja tone til Olav H. Hauge sine dikt. Desse kan klassifiserast som ny folkemusikk.